www.archive-org-2013.com » ORG » V » VAAGAA-HISTORIELAG

Choose link from "Titles, links and description words view":

Or switch to "Titles and links view".

    Archived pages: 19 . Archive date: 2013-09.

  • Title: vaagaa-historielag.org
    Descriptive info: .. Velkommen til.. Vågå Historielag.. Framsida.. Jutulheimen.. Andre eigedomar.. Fotoprosjektet.. Jutulen.. Historielaget.. Fotoarkivet.. Gjestebok.. Hugs å skrive i.. gjesteboka.. :-).. *****************************************************************.. Pulløybua.. Velkommen til 200 års jubileum for Pulløybua.. Søndag 11.. august 2013 kl.. 12.. 00 markerer vi at bua på Pulløya i Sjodalen er 200 år.. Alle er hjerteleg velkomne.. Det er 6-7 min.. å gå frå bilveien og ned til Nedre Sjodalsvann.. Dere vil bli rodd over på øya frå Pullen og kan ta bua i øyesyn.. Vi forteller om bua`s historie, om tidligere forhold og restaurering som Vågå Historielag sto for.. Kaffe serveres, men ta med "biteti", og ev.. teppe eller klappstoler om du ønsker å sitte.. Med vennlig hilsen.. Margit Hoen Vågå Historielag.. p.. t.. leier v/ Knut Raastad.. Kulturhistoriske vandringar.. Melingsosen og Mela.. : Frammøte i Melingsosen laurdag 13.. juli 2013 kl.. 00.. Flatningen og Flokka.. : Frammøte Flokksaga ved Saghaugen laurdag 20.. Bøneslia.. : Frammøte krysset Øversetervegen/Bøneslivegen fredag 26.. Tema.. : Oppgangssager, kvernhus, demningar, kolgroper, jernvinner, røsteplasser, vassveiter, tufter etter naust, fiskebuer og seterbygningar, utlagte setrer, grenserøyser, framvekst av veger mm.. Varighet.. : ca 2 timer.. Turleiar.. :.. Vegard Veierød.. ,.. vegard@veierod.. com.. , tlf.. 91791250.. Pris.. : Vaksne 100,- kroner, og barn under 16 år 50,- kroner.. Arr.. Vågå Historielag.. Jo Gjende-bua og Klonesbuene.. I samband med Besseggløpet blir det visning og befaring av buene ved Gjendeosen: Jo Gjende bua, Klonesbua, studioet og naustet.. Frammøte Gjendeosen  ...   det tufter etter den første busetjinga og ei mengde andre kulturminner.. Jernblestre og kolframstillingsanlegg vitnar om tidleg aktivitet.. Oppgangssager, bekkekverner, pottemakeri og trådtrekkeri viser at mange har utnytta ressursgrunnlaget som fanst her.. Seterhistoria i dalen går attende til svartedauden og forandringane i seterområda Reiregrenda, Bøneslia, Moasetrene og ellers på Bringen blir dokumentert med bilder og kart frå dei siste 250 år.. Kaffeservering kr 50,-.. Historisk vandring.. Kulturminnedagen sundag 9.. september 2012.. Frå Bønes (setra til Iva Bråtå), Bøneslia, Mela, Reiregrenda og gammel-Brekka til Lalm.. Frammøte for samkjøring frå Lalm samvirkelag kl.. 10.. Ta med niste.. Turleiar: Bjula Ulsletten tlf.. 95023768.. Arrangør: Vågå Historielag.. ***********************************************.. Årsskriftet Jutulen.. 2013.. kan bestillast hjå.. Knut Raastad på mail.. post@vaagaa-historielag.. org.. Pris kr.. 110,- + porto.. Jutulen for 2012.. kan nå leses her som pdf.. Alle medlemmar får Jutulen tilsendt i posten.. Vil du bli medlem og støtte historielaget kan det gjerast.. ved å betale for livsvarig medlemskap på kr.. 300,-.. til bankkonto.. 2120.. 07.. 35789.. I tillegg blir det utskrivi årleg frivillig.. medlemspenger på kr.. 100,-.. Vågå Historielag og styreleiar kan treffast på.. Distriktsmedisinsk senter på Otta.. I Desember vart Vågå Historielag, saman med fleire Historielag, invitert til å bli med på utsmykkinga av det nye Distriktsmedisinske senteret på Otta.. Det vart sendt 5 bilete til forstørring og innramming.. Klikk her så finn du alle bileta.. Støtte til Vågå Historielag kan og gjerast gjennom.. Grasrotandelen i Norsk tipping..

    Original link path: /
    Open archive

  • Title: vaagaa-historielag.org
    Descriptive info: Bygdatunet.. Vågå Historielag vart stifta i 1929 og fekk etter kvart samla gamle saker og arkiv.. Alt på årsmøtet i 1930 tok Kaspar Øvstedal opp spørsmålet om eit Vågåmuseum.. I årsmeldinga for 1935 og 1936 vart behovet for hus nemnd: "Et spørsmål som burde vies særlig interesse er å skaffe laget hus, så både samlingen av gamle saker og arkiv kunde opbevares på samme sted på en betryggende måte.. Slik som det er nu kan det vanskelig gå lenge, for arkivet burde vært i hvelv, og hvis samlingen blev på et sted med adgang for publikum vilde interessen og samlingen vokse.. " Sakene vart lagra på eit stabbur på Klones, på sorenskrivarkontoret på Øi og på nigard Sandbu.. 1.. april 1940 vart det vald ei nemnd til å arbeide for å skaffe historielaget eige hus.. I 1941 eller ettervinteren 1942 vende husnemnda seg til Ola Sunde med spørsmål om han ville selja den gamle stugu på Sunde.. Reisten av krigen ser det ut til at alt arbeidet i historielaget låg nede, fyrst i 1948 nemner møteprotokollen noko om husspørsmålet att.. Da var det aktuelt å kjøpe ein låve frå Sygard Kleppe og å få tak i tomt til museum.. Historielaget tykt at prisen vart for høg.. Så den 8.. mars 1950 vart det gjordt vedtak om å spørja Erland Berge om han kunne selja stugu på Sunde.. Historielaget fekk da tilbod om både stugu, stabbur og stall.. Årsmøtet i historielaget 4.. april 1950 påla styret å søkje om å få tak i tomt ved Prestgarden, men denne tomta vart nekta av departementet.. Vinnarutkastet til kommunehus i Vågå vart framlagt av arkitekt Knut Knutsen i 1947, dette skulle innehalde både nødvendige kontor og ein kulturdel med bibliotek, folkebad, fest- og kinosal og utandørs amfi.. Prosjektet vart kalla bygdatunet, men av m.. a.. økonomiske årsaker vart det bygd berre kontorbygg.. Andre funksjonar kom m.. i samfunnshusa.. Da det vart aktuelt for Vågå Historielag å få tak i Sundstugu, vart det arbeidd med å plassere dette på Matåkeren ved sidan av kommunehuset i samsvar med planane om bygdatun.. Men også ein annan plass var aktuell.. Alt før krigen var det bondestemne i Kustigholet i Prestberget, og fredsvåren 1945 gjekk det opptog som enda med fest der.. Jutulheimen.. Hausten 1956 vart det vedteke at bygdatunet i Kustigholet skulle få namnet Jutulheimen.. Fyrste huset som kom opp var ei gammal tørrstugu frå Nigard Sandbu som i 1955 vart sett opp over kummen til Vågåmo vassverk.. Huset var ei gåve frå Kjell Holm.. Frå Olav Gjesling Sandbu kom det eit gammalt kvernhus som i 1956 vart oppsett innanfor vegen.. Stabburet frå Sunde vart oppsett hausten 1956.. Sundstugu kom opp 1955 og 1956.. I SEFRAK-registreringa som vart gjordt sist på 1970-talet er stabburet og stugu sett opp til å vera frå siste fjordedel av 1700-talet, for stugu er det i parantes oppgjeve 1791.. Dette kan da stemme med restaurering og ombyggjing etter ofsen.. Våren 1957 vart den gamle stallen  ...   av enkeltgjenstandar.. I seinare år har relieffa etter bilethauggaren Jo Visdal og felemakarverkstaden etter Ola Eide vore store gåver til Jutulheimen.. Ellers har det også vore kjøp av saker som har spesiell antikvarisk interesse, slik som Sæterdalsskåpet frå sygard Kleppe som vart skaffa i 1933.. I 1961 da Øyastugu var i stand med bustad i andre etasje, vart Harald Plassen tilsett som vaktmester og flytte inn.. Frå da vart Jutulheimen utleid til bryllaup, konfirmasjon o.. l.. Gunhild og Sigurd Grevrusten var vaktmesterar 1965 1973.. Etter desse var Marie Rindal vaktmester 1973-1974 og Gerd Flobakk 1974-1977.. Elin og Pål Grev var vaktmesterar 1977-1984, og Gro og Terje Kolstad 1985-1992.. Anne Marie Laingen var vaktmester1993-1999, og Torun Kveen 1999-2002; 2002-2003 var Roger Skogum vaktmester.. Ei tid budde det ikkje vaktmester i Jutulheimen, men Gunhild og Håkon Ulsand tok seg av utleie og stell.. Frå 2006 er det Camilla Åsen og Egil Kveen som er vaktmesterar.. Frå 1974 fekk Jutulheimen status som halvoffentleg museum med fast løyving frå stat og fylke.. Jutulheimen var med i Samnemnda for musea i Oppland.. Frå 1988 vart stilling som distriktskonservator oppretta og året etter vart det handverkar, båe desse stillingane var felles for bygdamusa både i Lom, Lesja og Vågå.. Samnemnda for musea i Nord-Gudbrandsdal vart oppretta i 1989, men Vågå Historielag hadde arbeidsgjevaransvaret dei fyrste åra.. Jehans Storvik var distriktskonservator mykje av tida denne stillinga fanst, og Ola Stadeløkken var tilsett i handverkarstillinga.. Frå 1.. 1.. 2003 vart Museet i Nord-Gudbrandsdal MiNG oppretta som driftsorganisasjon for musea.. Det vart ikkje lenger utbetalt tilskot til museumsdrift til eigaren Vågå Historielag, men likevel har historielaget hatt driftskostnadene for anlegget.. Når MiNG har vist svært liten aktivitet for Jutulheimen, har dette vore ei vanskeleg tid.. Styret i Vågå Historielaget har også vore styre for Jutulheimen.. Dei 50 åra Jutulheimen har eksistert er det to namn som går att med spesielt lang fartstid i styret.. Trygve Håkenstad var i styret i 25 år, av dette 15 år som formann.. Også Erland Grev var styremedlem i 25 år, 12 år som formann.. Før dette var Olav Råstad formann i 8 år fram til 1963.. Jakob J Sandbu var med i styret mykje av tida frå starten i 1929 og fram til 1963, i fleire perioder til saman ca.. 13.. år var han formann.. Andre som var formann i stuttare perioder i den tidlege tida for historielaget var Anders Skrede, Simen Wolrath, Kaspar Øvstedal, Ivar Sjåstad og Guttorm G.. Sandbu.. På 1990-talet var Eirik Haugen, Rolv Fritsvold, Leif Løchen, Ivar Aasgaard og Sverre Damstuen formenn i historielaget.. 1999 2007 har Georg Gjevre vore formann.. Kjelder: Møteprotokollane for Vågå Historielag.. Knut Raastad.. (.. Til toppen,klikk her.. ).. Jutulheimen har lokale for bryllup, slektsstemner og barnedåp.. Både tilstellingar og omvising kan avtalast også utanom vanlege opningstider.. All henvendelsar og booking kan gjerast til.. Elisabeth Holshagen.. Tlf.. 47454804.. Elisabeth.. Holshagen@.. gudbrandsdalsmusea.. no.. For opplysningar om.. omvisning og opningstider m.. m.. så finn du det på.. nettsida her..

    Original link path: /Jutulheimen.html
    Open archive

  • Title: vaagaa-historielag.org
    Descriptive info: - Jo Gjende bue:.. Bygd av Jo Gjende ( Jon Tjøstolvsson Kleppe, 1794-1884 ) i 1845.. *.. - Vågå Prestegard Ullinsvin:.. Ca 1904.. Ca 1930.. - Flåten:.. - Kvilingsfjos i Randsverk:.. - Pulløy bue:..

    Original link path: /Andre-eigedomar.html
    Open archive
  •  

  • Title: vaagaa-historielag.org
    Descriptive info: Vågå Historielag har gått til innkjøp av fotoscanner, og har planar om å invitere folk i Vågå som har bilete med ukjente folk og steder.. Bileta vil bli lagt ut her på nettsida til historielaget.. Dei som allerede har bilete digitalisert, og ynskjer å få dei identifisert eller lagt ut her på nettsida kan sende dei til.. foto@vaagaa-historielag.. Alle bileta som kjem inn vil bli sortert og lagra i.. Historielaget er også interessert i bilete av småbruk og plassar, eller hus i Vågåmo, som ikje eksisterer lengere, her er alt av interesse.. ************************************************************************************.. Randi Ulheim på Dovreskogen kom med dette biletet av folkeskuleelever i 1922,.. her kan nok alle identifiserast.. Læraren er i allefall Anders Skrede.. ************************************************************.. Per Nesset på Kalbakk kom med dette bilete, men det var så skadd at det krevde mykje arbeid på restaurering, så fekk vi lånt ein kopi av Jens Martinussen på Otta.. Dette er fra vegarbeid i Vågåmo, med Kveom ? i bakgrunn.. Frå høgre ser vi, 3 ukjente, nr.. 4 er Syver Martinussen (Plassen), nr.. 5 er Nils Syvergård, nr.. 6 er Hans Vassdokken, gutten på bilen er Ola Einstulen, bak rattet sitt Syver Kalbakk, han døde i 1938.. **********************************************************.. På vår fotokveld i Jutulheimen kom Asbjørn Kvarberg med bl.. 2 bilete der alle er ukjente.. Bileta var saman-limte.. Det viser seg at biletet er fra Romundgard og viser elevgrupper til folkehøgskulen der i 1867.. Christopher Bruun.. sitt som nr.. 3 fra venstre i fremste rekke på nedste biletet.. Olav Åsmundstad er også med der midt på biletet.. Spørsmålet er om resten av elevene kan identifiserast.. 2.. ********************************************************.. Nyleg fekk vi tilsendt mange flotte bilete fra Eva Fyksen Birkeland i Lyngdal, som fekk bileta av sin tante Gerd Birkelund Krag.. Gerd er nest eldst av  ...   lurer.. på kven dei to andre er.. **************************************************************.. Kristin Øveraas skriver:.. Hei Vågå historielag.. Jeg prøver å identifisere den ukjente personen til høyre.. Personen til venstre er amtskolestyrer Anders Stokkeland Kaspar Øvstedals svigerfar.. På den tiden dette bildet ble tatt, var Stokkeland og familien bofast på Ringebu, men i perioden 1876-1900 var samme familie omflakkende sammen med amtskolen, bl.. bofast i Vågå i 1884-88.. Ringebu historielag sier:.. Bildet er tatt på kommuneplassen i Vålebru, rett utafor DnB NOR i dag.. Fotograf er Pål Kluften.. Kluften kom til Ringebu først i 1913.. Maihaugen sier at i deres bilderegister fins et notat på Kluftensamlingen: Skrede, Stokkeland, dato ant.. 1913 , og de foreslår da at personen kan være Anders Skrede, med referanse til et foto av Skrede som ser ut til å være tatt rundt 1930.. Det virker som en sannsynlig teori.. Har dere et foto av den samme Anders Skrede fra en gang i perioden 1900-1920? Det kunne gi et bedre bevis i saken.. En teori om hvorfor Anders Skrede besøkte Ringebu og ble fotografert på denne høytidelige måten, kunne også vært interessant å høre.. Jeg trodde først at bildet hadde noe med Stokkelands borgerdådsmedaljeutmerkelse i 1915 å gjøre, men Skrede er ikke nevnt som gjest eller taler ved den anledningen.. Dessuten var det i februar, mens dette bildet er sommerlig.. PS: En annen sak.. Jeg har kopi av foto av amtskolekurset på Lesja i 1883 og fra Skjåk i 1889 eller 1890.. Vet dere om det fins amtskole-elevbilder fra Vågåperioden 1884-88? I så fall er jeg svært interessert i en kopi.. Mvh.. Kristin Øveraas.. PS: Er det noen i Vågå som har bilde av Anders Skrede fra mellom 1900 og 1920 så send oss ei melding.. Fra Nils.. ***************************************************************.. Til toppen, klikk her..

    Original link path: /Fotoprosjektet.html
    Open archive

  • Title: vaagaa-historielag.org
    Descriptive info: Alle medlemmar får bladet Jutulen tilsendt i posten.. Etterhvert blir eldre utgaver lagt her for alle som vil lese.. Klikk på bildet av det bladet du vil lese og du får opp bladet som pdf format.. 2008 2009.. 2010 2011.. 2012..

    Original link path: /Jutulen.html
    Open archive

  • Title: vaagaa-historielag.org
    Descriptive info: -.. Lover for Vågå Historielag finn du her:.. Årsmeldingane finn du her:.. 2007.. 2008.. 2009.. 2010.. 2011.. -.. - Styret består av:.. *.. Knut Raastad, styreleiar; tlf.. 90 08 92 52, epost -.. kraastad@bbnett.. Dag Aasheim, nestleiar; epost -.. daaashei@bbnett.. Reidun Sønstelien.. Håkon Ulsand.. Arne R Strand.. Varamedlemmar:.. Bjula Ulsletten.. Even Luseter.. Jonny Brenden.. Revisorar:.. Syver Berge.. Sigurd Nestande..

    Original link path: /Historielaget.html
    Open archive

  • Title: vaagaa-historielag.org
    Descriptive info: Skriv gjerne i gjesteboka vår.. ?..

    Original link path: /Gjestebok.html
    Open archive

  • Title: vaagaa-historielag.org
    Descriptive info: Disse 5 bileta vart forstørra og heng på.. *Tobakksdyrking på Sande i Nordherad 1943 viser Eldrid og Tor Raastad.. Fotoutlån frå Sande.. *Høykjøring på Lemonsjøen utanfor låven i Legun i 1948.. Knut Laengen er på biletet.. Fotograf Hans Raastad.. * Klebberdrift på Bårstad på Lalm.. Fotoutlån fra Mari Lien.. *17-mai-toget i Vågåmo 1939, legg merke til faret etter Nugga frå flaumen året før.. Fotoutlån frå sygard Valde.. *Nils Valde var tidleg ute med produksjon av vatnings-spreiarar.. Biletet er frå fyrst på 1930-talet og viser Nils og Erling Valde..

    Original link path: /Distriktsmedisinsk-senter.html
    Open archive

  • Title: vaagaa-historielag.org
    Descriptive info: LOVER.. for.. § 1.. Lage har sett se te mål å få vekt hog og vørna millom bygdafolkje for de gamle minne frå bondekulture i Vågå som ennå finnst att, enten det er arbeidde ting, hell muntlege erveminne, og som lage så langt det evla vil freiste å forvårå og berge frå å kåmå burt.. Arbeidde ting som eig kulturhistorisk verdågå, og som lage ottast for kan bli avhenda og kåmå utu bygden kan det kjøpe, um det har midler te de.. Attåt desse vil lage stødja det arbeide som nå hell seinare er i gang med å samle vyrkje te ei velgjort bygdabok um Vågå, og seinare vil lage hå for auga å få reist eit bygdamuseum så snart tid og høve kan kåmå.. § 2.. Medlem tå lage kan kemsomhelst, kar hell kvinnfolk vera, som melle seg åt kassestyraren og betale årsbetaling i forskot 1 krone årleg, hell 10 krono ein gong for alle.. § 3.. Styre er på 5 medlemmer, alle valde på 3 år um gongen, men slik at berre eit eller to styremedlemmer er på valg kårt år.. Styret skal ha 3 varamedlemmer i rangert rekkjefølgje, desse er på valg kårt år.. Døm som ha tenestgjort i styre i minst 3 år har rett te å segja frå seg valg på 3 år.. Årsmøte vel formann og nestformann for eitt år um gongen.. Formann kalla inn alle møte og styre døm.. Han føre bok i møtom og greie den brevskifting som fell i åre, held arkiv og alle prenta og skrivne sake i skikk og orden og utarbeide ei årsmelding um kå som er gjort i åre med oversyn over stillingje åt lage.. Denne skal leggjast fram for styre.. Styre syter for at alt laget eig tå gamle ting, bilæte o.. bli godt forvårå og kår ting fær sitt nr.. i lista over desse, kårt slag ordna for seg.. I lista skal um mogleg førast upp kår de ymse ting er kome ifrå, um det er gjeve hell kjøpt tå lage.. Nummeret i lista skal setjast på kår ting.. Eit styremøte gjer bindande vedtak når 3 mann møte, og formann hell nestformann er med.. Underskrift tå heile styre bitt lage, men styre kan ikkje utta godkjenning tå eit lagsmøte avhende gamle ting, dokument o.. hell bruke meir enn kr 300,- tå kassesummen på eit år.. Gamle hus og andre ting som styre skjøna er gjæve kulturminne bør det få fotografert, og det som kan tenkjast å vera te mønster for konst hell håndverk, ville det vera rettast å få tegna tå som arbeidstegning, um lage kan ha midler  ...   bruk, og for kår tå desse skriv han upp de gamle ting og kulturminne som kan finnast på staen, anten det er gamle ting hell gamle erveminne um slekte som ha sitji på garde i gomol tid.. Alle gamle stenamn som er i bruk hell kjennest frå gåmålt lyt førast inn, da døm har verd for gransking tå mål, histori og namnforskning, slikt som gjeld namn på åker, eng og jordparter, slette, uteng, skogteigje, bekkje og dale, bergknatte, gardsveigje, råk og stigje, sæter og sæterveig, veidstøe, fiskeplasse, steinbråt og jønnblåster, alt slikt som frå gamle tie ha havt sitt eigje namn.. Alle uppskrifte gjerest så stutt som mogleg, men så vidt fullkome og greitt at døm kan vera te rettleiing for nøgjare gransking i framtin.. Det påligg styre å sjå ette at fjordongsbøken bli greit og eins førde te kår tid.. Der det finst att gamle brev og andre brevsaker, bør fjordongsmann um mogleg få låne døm te nøiare gransking i lag med samla styre, og slike brevskap kan styre tå imot te forvaring um eigaren ynskje det.. § 6.. Årsmøte bli hulde inna utgangen tå februar kårt år.. Møte lyt kunngjerast ved uppslag på vanlege stelle i kår fjordong minst ei viku fyreåt.. Sakliste for årsmøte:.. Årsmelding frå styre um det som er gjort i åre.. Melding frå kassestyrar um inntekt og utgifte i åre.. Val på styremedlem med varam.. , formann, nestformann og fjordongsmenn.. Val på kassestyrar og ettersynsmann (utanom styre).. Framlegg frå styre.. Framlegg frå lagsfolk, men styre kan nekte fyrehaving når dette er kome ette innkalling.. Styre kalla inn te vanlage lagsmøte når det har sakje som ikkje kan vente te årsmøte, helle når minst 5 lagsfolk har kravt det skriftleg og gjeve upp kåfår ei sak det gjeld.. Alle vedtak som ikkje er nemnde i § 8 bli gjort med vanleg fleirtal.. Står røystene likt, gjer formannen av sakje.. Det lyt møte minst 5 medlemmer for at någå medlemsmøte er vedtaksført.. § 7.. Vågå Historielag er medlem tå Gudbrandsdalens Historielag.. § 8.. Forandring i desse lovom kan gjerast med 2/3 fleirtal i årsmøte, og framlegg te forandring lyt vera senda styre minst 6 viku fyry årsmøte, og styre skal ha sagt si meining um forandringje.. Uppløysing tå laget treng 4/5 fleirtal i årsmøte.. Er talet på lagsfolk mindre enn 5 eit år er lage å regne for uppløyst.. § 9.. Bli lage uppløyst skal det lage eig forv åråst i Vågå, tå Vågå kommune, te nytt lag kjøm i gang att ette likeeins love.. Vedtekter frå 1929 med endring i 1939.. § 3 endra på årsmøte 12.. 3.. 2008..

    Original link path: /Lover.html
    Open archive

  • Title: vaagaa-historielag.org
    Descriptive info: Årsmelding 2007.. I året er taket på Haugøystabburet reparert ved at det er lagt ny papp på eine sida.. Parkeringsplassen er utbetra og utvida ved at det er pålagt masse som er planert og grusa.. I mai var det raking, rydding, måling, oppretting skigard, haugging og klypping av kratt.. Styret rettar ein stor takk til alle som har vore med på dugnader.. I 2007 kom krav om stor auke av festeavgifta for arealet i Jutulheimen, før har avgifta vore kr 135,- pr.. år.. Det er Statskog som forvaltar grunneigarretten på vegne av Opplysningsvesenets fond.. Regulering av festeavgifta er grunngjeve med verdiauke av tomta.. Styret har vist til at det ikkje har vore verdiauke og at det vil verke svært urimeleg å rekne det store arealet utanom der bygningane står som tomt.. Området kan neppe brukast til tomter, i kommunedelplan er området nemnd som bygningar m/særskild allmennyttige formål.. Festekontrakta frå 1957 set som vilkår at det ikkje blir lov å føre opp bustader og i samband med at Jutulporten er rekna som automatisk freda kulturminne er eit stor område av Jutulheimen bandlagt for å bli områdefreda.. Jutulheimen har vore mykje utleid til bryllaup og liknande i året som har gått, og mange har såleis fått sett og opplevd dette fine anlegget.. Største eige arrangementet i 2007 var feiringa av jubileet for Jutulheimen.. Vi siterer Ola Grøsland i sagt og skrivigjennom ti in: Den 11.. august markerte Vågå historielag at 50 år er gått sidan opninga.. Musikkforeiningane frå Lalm og Vågå gjekk i spissen for eit folketog, som rett nok ikkje talde så menge.. Litt regn får ta noko av skulda for det.. Derimot var over 100 til stades oppe i Jutulheimen der det var eit program i tunet framfor Sundstugu.. Kristian Sveen framførte prologen han las for 50 år sida, og ellers var det festtale ved Arnfinn Engen.. Ola Grøsland prata om historia til Jutulheimen, og musikkinnslaga var ved Lalm musikkforening og Vågå spel- og dansarlag.. Mange sette òg pris på å sjå eit filmopptak frå opninga i 1957.. Etter at Vågå historielag hadde spandert mat og drikke på dei frammøtte, var museumet ope for omvising.. Mange nytta da høvet til å sjå dei rikhaldige samlingane med både kunst, bruksting og våpen.. Her er det mykje artig og interessant, så mange fleire burde nytte høvet til å setja seg inn i noko av historia til bygda.. På årsmøtet i april vart filmen Fant Anne vist, denne vart innspela på Gardsøy i 1920.. Ellers hadde historielaget kveldsseto i oktober der Knut  ...   med oppfordring om å bruke Jutulheimen meir, med meir samarbeid mellom MiNG, kommune og historielag vil Jutulheimen vera ein ressurs for Vågåbygda.. Styret har gjordt vedtak om at Vågå kommune skal ha fri bruk av Jutulheimen for arrangement som er i kommunal regi.. Styreleiaren i historielaget er samtidig Vågå kommunes representant i interimsstyret for ny museumsorganisasjon i Gudbrandsdalen.. , og har spesielt peikt på at det er nødvendig å ha ein desentralisert organisasjon der det er tilstadeverande representantar ved dei ulike musea.. Styret i Vågå Historielag har stilt seg positive til framlagte avtaleutkast i denne nye driftsorganisasjonen Gudbrandsdal Museum as som skal overta etter MiNG.. Prestgarden.. Paktarbustaden er bortleid som bustad medan låven, eldhuset og del av fjoset er bortleid til lager.. Øvre høgda av låven vil bli teke i bruk til lager/utstilling av landbruksreidskap.. I året har det vore ein del mindre vedlikehald med m.. ny utvendig kjellarlem på hovudbygningen og nye glasruter i eldhus og paktarbustad.. Skjema om tilstanden til dei freda husa er sendt til fylkeskonservatoren.. Det er søkt om tilskot til restaurering av stabbur m/klokketårn, aurbu og vognskjul.. Andre eigedommar.. Nedste stokken på kvilingsfjoset i Randsverk har vore i ferd med å sige ned i jorda, det er i året grave frå jord slik at forfallet er stoppa.. Men det er behov for å jekke opp fleire lafter for å rette opp att bygningen slik at ikkje stokkane ligg nedpå jord.. Pulløybua er bortleid som anneks til bua ved sida av.. Jo Gjende-bua har omvisning ein kveld i veka om sommaren, det er Gjendesheim som står for dette.. Laget ellers.. Frå årsmøtet 26.. 4.. 2007 har styret vore dette:.. Knut Raastad styreleiar Ivar Aasgaard varamedlem.. Georg Gjevre nestleiar Sigmund Ryen varamedlem.. Reidun Sønstelien styremedlem Inger Gundersen varamedlem.. Årsmøtet gjorde vedtak om at dette året skulle også varamedlemmane fungere som styremedlemmar.. Det har i året vore sju styremøte.. Laget har 441 medlemmar.. Høvelbenken etter Ola Eide er innkøpt for å ha til felemakarverkstaden.. Frå Klones v/Ivar Vistekleiven har historielaget fått ljosbilder om vatning etter Otto Runningen.. Bygdakvinnelaget har gjeve nye dukar til Jutulheimen.. For å styrke økonomien har styret overteke kasserar- og rekneskaps-oppgåver som det før har vore leid til, og forsikringa er delt i to terminar som gjer at kostnadsført forsikring i 2007 er halvdelen av normalår.. Årets overskot dekkjer fyrst og fremst opp underskot året før, og bankkonto for drift er oppe att på nødvendig nivå.. Styret takkar Vågå kommune, andre samarbeidspartar og medlemmar i laget for god hjelp og støtte i året 2007..

    Original link path: /Aarsmelding-2007.html
    Open archive

  • Title: vaagaa-historielag.org
    Descriptive info: Årsmelding 2008.. Opplysningsvesenets fond v/Statskog krevde stor auke av festeavgift for Jutulheimen, tidlegare avgift var kr 135,-.. Kravet om auke var grunngjeve med verdiauke av tomta, historielaget har ikkje akseptert dette for det store området som ikkje kan nyttast.. For å unngå alt for stor avgift har bortfestar til slutt akseptert at arealet blir redusert til det som trengst rundt husa, arealet nedanfor tunet og ogofor vegen blir teke ut.. Ny avgift blir kr 10000,- pr.. år, gjeldande frå oktober 2008 og ikkje frå 1.. 2007 slik kravet var.. I året er taket på eine sida av Øyastugu reparert, platonpappen var øydelagt og ein ås og noko av troa var oppråten.. I mai var det raking og rydding.. Lekkasje på vassleidninga til Jutulheimen gjorde at vatnet kom att i Rugsveen, dette viste seg å vera på stikkleidninga innanfor høgdebassenget og vart såleis kostnad for Jutulheimen.. Tømmeret frå det nedtekne kvernhuset er flytta til scena, der ligg det tørt.. Det er varsla tilskot frå Oppland fylkeskommune til etterslep av vedlikehald for musea i Nord-Gudbrandsdalen, og fond i MiNG kan og bli brukt.. Men fylkeskommuna og MiNG / Gudbrandsdalsmusea as har ikkje fordelt desse pengene enda.. Historielaget har oppdatert tidlegare kostnadsoverslag og varsla prioritering av tiltak, utanom ein del mindre vedlikehald er prioriteringa kvernhuset, grishuset, tørrstugu og taket på scenehuset.. Jutulheimen har vore mykje brukt til bryllaup og liknande i året som har gått, og kommuna har brukt anlegget for skulen og kulturskulen.. Historielaget har ved fleire høve stilt opp med omvisning for grupper, men det er MiNG som har hatt ansvar for musemumsdrifta og har hatt sommaromvisning.. MiNG hadde også arrangement om dansen i Ottadalen i januar.. Historielaget hadde kveldsseto i mars der Sigmund Ryen fortalde frå dagboka etter faren, han var norsk offiser som sat i tysk krigsfangenskap.. Arkeolog Kjersti Tidemansen orientert om kulturminneregistreringa i Vågå i september, Vågå kommune var arrangør i samarbeid med historielaget..  ...   er rydda og teke i bruk til samling/utstilling av gammal landbruksreidskap.. Frå Olav Ragnar Øien kom tømmervogn, møkkjerre, piggtruskar, langslede, bukk og geit m/drag, lynningsdrag, omkastarplog og to sæla.. I samband med utstilling er studeren, lysthuset, hovudbygningen og eldhuset rydda og til dels reingjordte.. Akvarellane av William Duppa Crotch vart innrama, og under Vågå-dågå vart desse utstilt i hovudbygningen saman med innlånte akvarellar av same kunstnaren.. Samtidig vart målerisamlinga av Kristen Holbø og gamle fotografi stilt ut, og ellers var bygningane opne med m.. aurbu-utstilling, landbruksreidskap og baking i eldhuset.. Utstillingane var også ope ei helg om hausten.. Frå årsmøtet 12.. mars 2008 har styret vore dette:.. Knut Raastad styreleiar.. Dag Aasheim nestleiar.. Reidun Sønstelien, Håkon Ulsand og Arne Strand styremedlemmar.. Einar Hårstad, Bjula Ulsletten og Even Luseter varamedlemmar.. Det har i året vore sju styremøte, og varamedlemmane møter på lik line med styremedlemmane.. Laget har 444 medlemmar.. Innbetaling av frivillige medlemspenger har vore så bra at styret ser seg i stand til utgjeving av årsskriftet Jutulen med utsending til alle medlemmane.. Jutulen 2008 var konsentrert om at Jutulheimen hadde markert 50-årsjubileum, og hadde artiklar om Jutulheimen og Jutulen.. Ellers er det gjeve ut kunstkalender med akvarellar av Crotch.. I juni hadde historielaget kveldstur til langhustomta på Visdal.. Det er historielaget som kostar pynting av gravene til Jo Gjende, Ivar Kleiven og Trond Eklestuen; og etter at gravsteinen til Jo Gjende vart nedteke, er det støypt ny sokkel.. Historielaget har gått i gang med registrering av historiske opplysningar om setrene i Vågå, men treng hjelp av personar i kvar grend som kan samle informasjon.. Ellers er historielaget representert i ei nemnd saman med m.. kommuna for å få til arrangement i samband med kulturminneåret 2009.. Det blir planlagt m.. utstillingar, foredrag, turar og vandringar der historielaget skal delta.. Styret takkar Vågå kommune, andre samarbeidspartar og medlemmar i laget for god hjelp og støtte i året 2008..

    Original link path: /Aarsmelding-2008.html
    Open archive



  •  


    Archived pages: 19